Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Fantasifotballspel

Omgrepet 'fantasifotball' peikar som regel på korleis spelarar presterer i den verkelege verda. Du lagar eit fantasilag, ofte i ein særskild serie, plukkar spelarar sjølv, og får poeng etter kor godt spelarane presterer.

Telegraph Fantasy Football, Yahoo Fantasy Football og ESPN Fantasy Football – og dessutan norske TV 2 – er populære nettsider for fantasifotball. Ein kan konkurrera i konkurransar som Premier League Fantasy Football, men ogso i internasjonale konkurransar, til dømes verdsmeisterskapen.

Fantasifotball fylgjer den verkelege verda, vert ein spelar skadd, får du ikkje poeng for han. For å gjera det godt må du vera ein god fantasi-speidar – eller fylgja godt med.

Er Hattrick eit fotballfantasispel?

Hattrick bør ein nok omtala som eit fotballmanagerspel, men det er ogso eit fullverdig fotballfantasispel på det viset at alle spelarar og kampar er fiktive og unike for Hattrick. Laga vert sette opp, namngjevne og utvikla av verkelege brukarar når du spelar Hattrick, avgjerdene dine vert testa mot strategiane åt andre levande og verkelege managerar. Sesongane i Hattrick er ikkje knytte til den verkelege fotballverda, men fylgjer sin eigen rytme.

Det er ingen verkelege spelarar på Hattrick, men alle spelarane er likevel unike, og dei er resultatet av speiding og investeringar i ungdomsakademi gjorde av menneskelege managerar. På dette viset er Hattrick eit fantasifotballspel – eit spel der du kan forma spelverda.

Hattrick er eit gratis managerspel. Det vil aldri kosta deg noko pengar for å starta eller å eige laget ditt, og me vil aldri ta betalt for å gje deg føremon i spelet. Det er likevel mogleg å oppgradera kontoen din til å bli ein Hattrick Supporter, noko som gjev deg ekstra verkty til analyse, for å skreddarsy laget ditt, og for samhandling med andre managerar.
 
Stage